torsdag 17. april 2014

Oppdrag: Årskonferanse FHL


ÅRSKONFERANSE: Styreleiar Gunnar Domstein held sin tale til generalforsamlinga i FHL. Foto: Åge André Breivik/FHL
 Foto, filming og redigering på FHL sin årskonferanse. Sjå døme her.

I starten av april hadde Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) årskonferanse. I forkant av alle føredrag vart det vist små videosnuttar for dei som var med på konferansen.

Før og under konferansen bidrog eg med fotografering, filming og redigering av stillbilete og videoinnslag.


ID-klipp

Før konferansen var eg med på å lage videoar som skulle presentere dei som heldt innlegg. Desse gjorde me opptak til i mars.

Presentasjonane laga me i to variantar, for å unngå at same klippet gjekk opp att for mange gonger.

I eine varianten hadde me ein dykkar som kom opp frå havet med eit skilt me la inn namnet på. I den andre forsvinn han ned att i havet etter å ha vist fram namneskiltet.

Debattoppspark

I tillegg til klippa som presenterte innleiarane, laga me videoar som presenterte dei forskjellige emna som vart diskuterte på konferansen.

Årets tema var klyngebygging i næringa, og kva som er fordelane ved det.

Her er videoane me laga i år:

Videoen under vart produsert undervegs i konferansen. Eg stod for opptak, intervju og redigering av innslaget.