Arbeidsprøvar og CV

CV som tidsline



Arbeidsprøvar

  • NRK Nettfeature: "Supporteren på bakarste benk" - Artikkelen er skriven for NRK Møre og Romsdal i samband med seriestarten i fotball i 2013.
  • Radiodokumentar: "Gjensynet med Silvia - prinsessa frå Noreg" gjekk på NRK P2 laurdag 1. september. Dokumentaren er laga i samarbeid med NRK Radiodokumentaren, og handlar om eit av dei varme forholda som oppstod i løpet av den kalde krigen.
  • Oppdragsfilm: Oppdrettaren og studenten var av dei som fekk utfordre fiskeribransjen på årskonferansen til FHL i mars. Videoane filma og redigerte eg. Planlegging og opptak skjedde i samarbeid med FHL.
  • Minidokumentar: The Flintknapper - Ken Wallace driv med det amerikanarane kallar "flintknapping". Opptaka til denne minidokumentaren gjorde eg i 2007, og redigeringa gjorde eg ferdig fire år seinare. Les meir om filmen.
  • Radioserie/Artikkelserie: Adventskalender 2010 - Laga for radio og nett i NRK Møre og Romsdal hausten/vinteren 2010.
  • Artikkel for nett: Han hadde allereie ei av dei største teikneseriesamlingane i Noreg. I desember 2009 opna Oskar Garnes bruktbutikk i Ålesund.Teikneseriesamlar blir seljar 

Prosjekt

  • Skjemtegauk-festivalen: Humorfestivalen i Ulsteinvik starta i 2004, og har kvart år sidan fått folk til å le ei helg i juli. Denne arrangerer eg saman med min bror Geir Sindre Breivik. Meir om festivalen kan du lese på www.skjemtegauk.no.
  • Den norske dokumentarfilmfestivalen 2008: Styreleiar i eit styre på 11 personar. Festivalen, også kjent som Dokfilm, blir arrangert av studentar ved Høgskulen i Volda kvart år. Saman med folket i Volda inviterer studentane til festival med dokumentarfilm, konsertar og mykje anna moro i sunnmørsbygda. Eg har også vore med som frivilleg på fleire av festivalane, seinast i 2013 når eg introduserte filmar og styrte spørsmål/svar-runder etter filmane.

Yrkeserfaring  

  • August 2013 => - Medielærar, Volda vidaregåande skule
  • Okt 2011 =>; Journalist/dokumentarist - Trondheim/Sunnmøre
  • Juni - okt 2011 - NRK Trøndelag - Journalist på nett, radio og fjernsyn. Reporter for Norgesglasset og Kveldsåpent
  • Okt 2010 - Mai 2011-  NRK Møre og Romsdal Ålesund - Journalist på nett, radio og fjernsyn
  • Jan-okt 2010 - Frilansjournalist Ulsteinvik
  • Feb 2007 - des 2009 - NRK Møre og Romsdal Ålesund - Nyheitsreporter, magasinreporter på radio, fjernsyn og internett
  • Juni-Aug 2006 - P4 Radio Hele Norge Lillehammer - Sommarvikar: Sportsanker, nyheitsreporter
  • 2003-2004 -  Forsvarets Mediesenter- Journalist

Utdanning 

  • 2014-2016 Høgskulen i Volda - Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid
  • 2012–2013 Høgskulen i Volda - master dokumentar og journalistikk (andre år av mastergrad)
  • 2007–2008 Høgskulen i Volda - Fjernsynsreportasje og Dokumentarfilm 
  • 2004–2007 Høgskulen i Volda - Bachelor i Radiojournalistikk 
  • 2002–2003 Danvik Folkehøgskole - TV-reportasje & Dokumentar 
  • 1999–2002 Ulstein Vidaregåande Skule Ulsteinvik - Allmennfag. (2000-2001: Letchworth Central School, NY, USA. Utveksling gjennom AFS)