fredag 5. september 2014

Om "Runde, 31. august"

31. august: Siste sommardag, ifølgje kalendaren. På slutten av ein strålande sommar vart til og med den siste dagen heilt topp. Slikt må dokumenterast.

Ideen kom berre nokre dagar etter eg høyrde eit gamalt intervju med Joachim Trier i NRK Filmpolitiet. Intervjuet handla om "Oslo, 31. august", filmen som er sentrert om ein mann sine opplevingar den siste sommardagen.

- Tittelen handlar om den melankolske siste dagen i sommaren. Det er ein film om at ting er forgjengelege, frå noko varmt og inn til noko kaldare og tristare på ein måte, sa Joachim Trier til Filmpolitiet då filmen kom. (Sitatet kjem på 32:25 i sendinga.)

Med soloppgangen på Runde denne søndag morgonen kom også planen: Få fram kamera.

Stillbilete frå dagen kan du sjå i albumet på Flickr-kontoen min.



TIMELAPSE KVELD: Timelapsen av solnedgangen vart teken frå terassen på Christineborg.

Opptaka


Videoopptaka er gjort i løpet av tre turar rundt på Runde. 
  • Tur 1: Føremiddagstur mot Rundebrua.
  • Tur 2: Ettermiddagstur på Runde hamn, med timelapse av hamneområdet.
  • Tur 3: Kveldstur til Goksøyr, med timelapse av solnedgangen.



Her kan du finne spelelista "Runde, fugleøya":




Fakta om innspelinga:

  • Alt er filma på Nikon D7100.
  • Linsene som er brukt: Nikkor 18-105mm og PC Micro Nikkor 85mm.
  • Redigering av stills til timelapse: Adobe Bridge.
  • Videoen er redigert i Adobe Premiere Pro CS6. 
  • Musikken er frå Garageband.
  • Alle opptak er gjort frå soloppgang til solnedgang søndag 31. august.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar