onsdag 18. april 2012

Stillbilete: Foto fangar stemninga


"Bilde er best på radio" heiter det. Men dei gjer seg også presentert i bildegalleri.

NRK presenterer sine innslag gjennom både fjernsyn, radio og internett. I denne kvardagen er det viktig å tenkje på kva som passar inn på dei forskjellige plattformene. Ikkje alt er ei god fjernsynssak, og ikkje alt fortener ein lang nettartikkel.

Av og til kan eit bildegalleri vise meir av det som skjer enn ein artikkel eller ein video. Her er nokre av bildegalleria eg laga for NRK Møre og Romsdal:


  • 22. desember 2010: Episode 22 i adventskalenderen i NRK Møre og Romsdal. Saman med Heidi Fagna laga eg 24 episodar til radio og internett, om alt frå dei gamle julesongane til kakene som står på bordet i julehøgtida. Med i serien var Bella Sandvik, som i ein alder av 80 år framleis bakar lefser kvar jul. I tillegg til radioinnslag og nettartikkel, laga me til denne episoden eit bildegalleri: Bella lefsebakar

  • 8. mars 2009: Flø på Sunnmøre er ein stad som har mista butikken, dei har mista skulen sin. Så kom Hugo Opdahl med sitt galleri i det gamle skulebygget. I mars 2009 kom Moods of Norway med Flø sin fyrste klesbutikk. Sjå bilda: Då Moods tok Flø

  • 10. desember 2010: Episode 10 i nevnte adventskalender. I Batnfjordsøra i Gjemnes blir det laga stearinlys til ei kvar feiring. Fram mot jul er det lilla og raudt som står i fokus på Lysfabrikken, og det fekk me fanga i eit bildegalleri: Lagar julelys i Gjemnes

  • 24. september 2009:  AaFK tok i mot Odd til semifinale i NM. Heimelaget sine tilhengarar lada opp med stor samling i Ålesund sentrum. Dette bildegalleriet laga eg for NRK Møre og Romsdal: Ålesund oransje før semifinalen

  • 29. november 2009: Adventstida i Ålesund opnar gjerne med ein julemarknad i Molovegen. I 2009 stilte fleire utstillarar opp, og i det adventssnøen kom til Ålesund, kom også adventsstemninga for mange. Sjå bilda her:  Adventsstemning i Molovegen.