På lag med..
Sommaren 2012 laga eg saman med FHL tre videoar til fiskerimessa Aquanor i Trondheim. Filmane skulle vise forskjellige sider av næringa.Dei tre filmane finn du her:
Videoane er laga med opptak eg har gjort, med innslag av arkivmateriale frå FHL. Alle tre er laga med tanke på at dei kan visast under messer der folk ikkje nødvendigvis får med seg det som blir sagt.
Utfordringar langs kysten
Utøvarane i fiskeri- og havbruksnæringa møter utfordringar i kvardagen. Under årskonferansen til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) fekk fleire aktørar kome med sine utfordringar til bransjen. Eg laga sju slike videoar som vart viste på årskonferansen for organisasjonen i mars.
Filmane vart viste i forkant av dei forskjellige føredraga under konferansen. To av dei finn du lenke til her:
Glasblåsing i Molovegen
Ingrids glassverksted ligg i Ålesund. I 2006 laga eg denne videoen i samarbeid med Ottar André Breivik Anderson, og Torkjell Midtgaard (Musikk). Filmen vart brukt i profileringa av glasverkstaden i Molovegen.Dine prosjekt
Har du eit prosjekt du vil ha dokumentert på video, eller skal du vere med på eit arrangement der du vil profilere deg med video? Ta kontakt på mobil 40484636 eller på epost.
