Radiodokumentaren "Gjensynet med Silvia - Prinsessa frå Noreg" handlar om medmenneskelege forhold under den kalde krigen. Om barnløyse, hjelp til dei som treng det, og brev som ikkje kjem dit dei skal.
Fem år gammal kom Silvia Diehr frå Tyskland på tur til Noreg. Ho var ei av vel 17.000 born frå Berlin som fekk kome til Noreg på ferie på 1960-talet. Gjennom Ungdomsmisjonen fekk barna ei avveksling frå ein kvardag i den delte tyske hovudstaden.
Det var tøft å vere barn i Berlin etter krigen; familiane hadde lite pengar, og dei kunne stadig høyre skyting når nokon prøvde å hoppe over muren. Til saman skal nær 50 000 born ha kome til Noreg og Sverige i regi av Ungdomsmisjonen.
Mista kontakten
Borna budde, åt og levde i vertsfamiliar. Silvia vart plassert hjå sunnmøringane Asbjørg og Odd Brune, som då budde i Sarpsborg. Dei tre treivst så godt saman at ho kom tilbake to periodar til, i løpet av 1963 og -64. Det norske ekteparet kalla ho «Prinsessa frå Noreg».
Etter det skreiv dei fleire brev i året, men dei mista kontakten heilt då Silvia var 18 år.
Ti år seinare fall Berlinmuren, og Asbjørg og Odd reiste gjennom Berlin på ferieturar i Europa. Dei leita etter Silvia fleire gonger, men utan hell.
- Så var det denne regnbya, då, seier Odd, om dagen då historia om Silvia endra seg.
Tilfeldigheiter
Tilfeldigheitene ville det slik at eit venepar av Asbjørg og Odd var ute og spaserte i Ulsteinvik, då det kom ein skikkeleg sunnmørsk regnskur. Dei søkte ly under eit tak, og der møtte dei ei tysk dame, som var på besøk i Ulsteinvik, der ho tidlegare hadde vore gjest gjennom Ungdomsaksjonen.
Dei vart etter kvart introduserte for Asbjørg og Odd, som fortalde at dei også hadde hatt ei tysk jente buande. Dama lova å leite etter Silvia då ho kom tilbake til Berlin, og tre veker seinare hadde Asbjørg ei hulkande Silvia på tråden.
Ein månad seinare står Asbjørg og Odd på Ålesund lufthamn Vigra, spente som to tenåringar; endeleg skal dei få sjå prinsessa si igjen.
- LES MEIR: Møtte pleiedottera etter 45 år
- NRK Nettradio: Høyr radiodokumentaren her.
- Vikebladet/Vestposten: No kjem radiodokumentaren "Gjensynet med Silvia - prinsessa frå Noreg"
Fakta om radiodokumentaren "Gjensynet med Silvia - Prinsessa frå Noreg":
- Idé og manus: Åge André Breivik
- Teknisk regi: Kåre Johan Lund
- Konsulent: Hege Dahl
- Medverkande: Asbjørg og Odd Brune, Silvia Diehr
- Tolk: Lisa Mari Breivik Anderson
- Oversetjing: Heidi Fagna
- Foto: Ottar André Breivik Anderson/Variations
- Sendetidspunkt: 1. september 2012
- NRK Radiodokumentaren kan du lese meir om her.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar